Vågå Tamrein
Vågå tamreinlag vart stifta i 1942, og driv med produksjon av reinskjøtt. Flokken til Vågå Tamrein tel 2300 dyr om vinteren, og det er fire heilårstilsette gjetarar som passar flokken.
Slakting
Vinterslakting 2024
På grunn av dårleg skuterføre må vi fløta vinterslaktinga til etter jul. Datoen vil bli publisert her når den er bestemt. Vi sel heile skrottar av kalv, samt hjerte og tunge. Pris pr kg er 165,- kr inkl. mva. For bestilling av kjøtt, ta kontakt med Pål Arne Snerle på:...
Historie
Vågå Tamreinlag vart stifta 24. mars i 1942. Interessen for tamreindrift i Vågå kom fordi det var lange tradisjoner for tamreindrift i Valdres. I nabobygdene Lom og Skjåk var det òg tamreindrift. Dei såg moglegheitene av å nytte beiteressursane i høgfjellet.
Drifta gjennom året
Vinterflokken vår tel ca 2300 dyr. Flokken beiter på ulike områder til dei forskjellige årstidene. Denne syklusen er den same kvart år.