Det er mange som ikkje veit så mykje om kva som skjer i Vågå Tamrein i løpet av eit år. Det er for eksempel fleire som lurar på om vi har flokken i eit fjos om natta. Slik er det ikkje. Flokken går ute i det fri heile året, og all maten dei har bruk for, finn dei sjølve ute i naturen. Vinterflokken vår tel ca 2300 dyr, og om sommaren har vi nesten 4000 dyr. Altså blir det kvart år slakta 1600-1700 dyr i Vågå. Dette tilsvarar over 50 tonn med kjøtt.

Eit reindriftsår byrjar i mai. Da kalvar simlane og nye liv blir til. Dei aller fleste av kalvane blir født i mai. Dei er berre 4-5kg tunge når dei kjem til verda, men det tek ikkje mange minutt før dei er på beina. Det meste av kalvinga skjer i Griningsdalen, og i området rundt der. I denne perioden er det viktig at simlene får mest mogleg ro. For gjetarane sin del blir det stort sett å observere at alt går roleg og fint føre seg. Ofte er dette ei vanskeleg tid med tanke på føre, skuterføre blir borte, samstundes som det ofte er for tungført å ta beina fatt, så det begrensar seg kor mykje ein får sett av kalvinga.

Simlene jagar frå åringsbukken i tida før kalvinga. Desse bukkeflokkane kan reise både hit og dit, og ofte kan dei dukke opp på ein seterstul der det blir tidleg grønt. Dette kan føre til noko arbeid for gjeterane, for når dei fyrst har funne grønt gras har dei ikkje lyst til å reise der ifrå.

Etterkvart som våren kjem høgare til fjells trekkjer flokken frå kalvingsområdet og mot Valdresflya og Bygdin. På dei varmaste dagane midt på sommaren trekker dei ofte heilt opp til dei høgaste toppane. Her kan dei stå på ei snøfonn heile dagen. Dette er for å halde unna mest mogleg innsekt.

Tamreinlaget leier sommarbeite både i Vågå, Vang og Øystre Slidre. Gjetarane si hovudoppgåve er sjølvsagt å passe yttergrensene på beiteområdet. Dette inneber ein del bilkøyring og observering. Dei siste åra har det vore nytta mykje drone for å jage attende flokkar som har kome ut av beiteområdet. På dei varmaste dagane er det lite arbeid med reinen, og denne perioden nyttar gjerne gjetarane til vedlikehald på laget sine slakteanlegg.

Sist i august byrjar samlinga til haustslakting. Gjeterane samlar all rein dei finn, og driv flokken mot Valdresflya. Slakteanlegget ligg på toppen av Valdresflya, og slaktinga skjer midt i september. Det blir nytta helikopter på inntaket. Etter at reinen har kome inn i gjerdet blir heile flokken “sila.” Det inneber at flokken blir delt opp og teke inn i eit mindre gjede, “silen”. Her blir slaktreinen teke ut. All kalven blir voge. Dei lettaste blir slakta, medan dei tyngste blir merkt og sleppt ut att. Dette er altså primært ei kalvslakting. I tillegg blir alle simler som er 10 år gamle slakta her. Sjølve slaktinga er det eit mobilt slakteri som kjem og tek seg av.

Etter slaktinga trekkjer flokken nordover att mot Refjellet til brunsten. Oktober er brunstid for reinen. Når vær og vind kjem frå rette kanten er rein ivrig til å trekkje mot Murudalen på denne tida av året. Dette medfører ofte ein del arbeid for gjeterane.

Så fort det bli skuterføre byrjar ein å samle til vinterslakting. Vinterslaktinga skjer i Fugelsætrane innanfor Randsverk. Denne slaktinga er stort sett midt i desember, så sant føre tillet det. Slaktinga går føre seg på det same mobile slakteriet som blir nytta på Valdresflya. Ein greier aldri å samle heile flokken om hausten. På vinteren får ein stort sett samla alt. Dette gjer at ein får merkt resten av kalven og teke ut resten av dei 10 år gamle simlane. Men det er bukken, som er ferdig med brunsten, som utgjer hovudtynga på vinterslaktinga.

Etter vinterslaktinga reiser flokken opp i Trollhøa, før den i juletida blir fløtt over Lemonsjøen og til Heimfjellet/Olashovda. Etter ein månads tid der blir heile flokken fløtt til Mukampen. Her leier laget beite i Sel. Fyrst i april blir flokken fløtt over Murudalen att, og det er på ny klart for kalving.

Om vinteren samlar gjeterane flokken og driv temjing kvar dag, så sant været tillet det. Dette er for å gjere reinen spak, noko ein vil ha god nytta av i arbeidet gjennom heile året. I store delar av beiteområdet er det mykje turisme og annan ferdsel. Di tammare flokken er, di mindre påverknad har dette og reinen stressar mindre og får betre tid til å beite.
Om du kunne tenkje deg og høyre meir om tamreinlaget og kvardagen til ein reinsgjetar så er serien “Gjetar i Jotunheimen” på NRK å anbefale.