Historia til Vågå Tamrein AS.

Vågå Tamreinlag vart stifta den 24. mars 1942.
“Aar 1942, den 26. januar samledes undertegnede intereserte for å drøfte tamreindrift i Vågåfjellet. Man enedes om å utstede følgende aksjeinnbydelse:

Aksjeinnbydelse
Undertegnede innbyr herved til tegning av aksjer i

Vågå Tamreinlag A/S

Lagets formål er tamreindrift, salg av reinskjøtt, og artikler herav. Lagets kontor skal være i Vågå. Aksjekapitalen settes til minimum kr. 50.000, maksimum kr. 120.000, fordelt på fullt innbetalte og på namn lydende aksjer a kr. 100,00. Kun de som er bosatt og skattepliktige i Vågå kan være aksjonærer. Bruksberettigede i Langmorkje statsalmenning har fortrinssrett ved tegning og ved senere overdragelse av aksjer. I tilfelle av overtegning blir reduksjon å foreta etter innbydernes bestemmelse. Flytter noen aksjonær frå bygden og ikke har fått avhendet sine aksjer til noen annen innenbygdsboende, har laget rett og plikt til å innløse aksjene til en kurs som årlig bestemmes av generalforsamlingen. Overdragelse av aksjer må godkjennes av styret. Undertegnede innbydere har tegnet seg for antall aksjer som tilføyet under hver underskrift.
Vågå Kommune gis anledning til å teikne inntil 10% av det tegnede beløp. Det kan ikke tegnes for meir enn kr. 5000,00 for hver aksjonær. Ved tegningen erlegges 10% av tegningsbeløpet kontant, som blir å innsette på tegnerens namn i Vågå Sparebank. De resterende 90% blir å innbetale til den tid som det valgte styre bestemmer. Utgifter i forbindelse med tamreinlagets dannelse forbeholdes dekket av dette.
Tegning av aksjer foregår i tiden 20. februar – 7. mars 1942. Bindende tegning foregår ved innbyderne. Konstituerende generalforsamling blir av innbyderne å innkalle umiddelbart etter tegningsfristens utløp med 8 dagers varsel ved oppslag på Tessand, Vågåmo og Lalm.“
Fyrste grunnsteinen var lagd for ny næringsverksemd i Vågå. Det var ingen tradisjon med tamreindrift i bygda, men i andre fjellområde i sør-Norge hadde bygdafolket drive med tamrein i bortimot 200 år.

Bakgrunn for Vågå Tamreinlag

Det var naturleg at denne framgangen for tamreindrift vakte interesse i Vågå. Det var alt lange tradisjonar i Valdres, og andre grannebygder hadde også starta opp. Johannes Partapouli kom med rein til Skjåk omkring 1914 og Skjåk Tamreinlag vart stifta i 1919. Lom Tamreinlag vart stifta i 1926.
Av dei seks som skreiv under under på aksjeinnbydelsen i 1942, er det naturleg å trekkje fram to som var sentrale i arbeidet med å stifte tamreinlag i Vågåfjellet, Erland S. Berge og Jakob J. Sandbu. Desse to arbeidde med saka utover i 30-åra, både gjennom kontakter i nabobygdene og i korrespondanse med folk andre plassar i landet. Velståande byfolk baud fram kapital, Jakob Sandbu hadde kontakt med folk som ville teikne andelar for både 50 og 100.000 kroner.

På tiårsjubileumet i Lom Tamreinlag på Bøverkinnshalsen i 1936 var både Jakob Sandbu og Erland Berge gjestar. Gjennom kontaktene forma dei ut idear som vart lagt til grunn for etableringa av Vågå Tamreinlag.

På tiårsjubileumet i Vågå Tamreinlag i 1953 sa Jakob Sandbu dette om grunnen til at dei stilte seg i spissen for tamreindrift: Det norske høgfjellet byr ikkje berre på moglegheiter for dei vanlege husdyra. Der fjellgraset sluttar tek moseflyene til, berre reinen kan gjera seg nytte av dei veldige høgfjellsviddene. Dette er ein næringsveg for ei fjellbygd.

Erland Berge og Jakob Sandbu er berre ein to av mange som tente Tamreinlaget trufast gjennom ei lang årrekke. I det store og det heile er lagshistoria prega av stabile forhold både blant gjeterar, arbeidsfolk og tillitsvalde. Den kunnskap og erfaring som kvar enkelt tileigna seg, kom laget til gode og var ei viktig føresetnad for å lykkast med drifta.

Grunnleggarane av Vågå Tamreinlag ville at tamreinen i Vågåfjellet skulle eigast av bygdafolk, og dei ynskte aksjane spreidde på flest mogleg hender. Kvar aksjonær kan ikkje ha meir enn 50 aksjar. Dei let seg ikkje lokke av velvillig kapital utanfrå, for som Jakob Sandbu sa i eit foredrag på Klones mange år seinare: Når andelane gjekk til bygdafolk blir ikkje fjellet seld. Fram til fristen for aksjeteikning gjekk ut 7. mars 1942 hadde 224 vagverar teikna til saman 1026 aksjar a kr. 100,00. Selskapet fekk altså ein aksjekapital på kr. 102.600,-

Hamneleige

Alt før konstitueringa i mars hadde initiativtakarane skrive kontrakt med Vågå Fjellstyre om leige av beite. På visse vilkår hadde Vågå Fjellstyre leigd bort all brukbar hamn i Vågåfjellet:
«Området mellom Gjende og Sjoa elv i syd, og Loms grense i nord, kan benyttes både til sommer og vinterhavn, således at de strekninger som til vanlig beites av bufe ikke må være belagt med tamrein i tiden mellom 1. juni og 1. oktober. Samme tid og vilkår gjeller for området syd for Gjende og Sjoa elv, grensende mot Heidal, N.Fron og Ø. Slidre. De øvrige områder som her ikke er nevnt, blir likeledes å benytte i den utstrekning som er mulig uten å støte an mot vanlig bufebeiting. ……….. Havneleien pr. dyr, opptellet pr. 1.1 hvert år, fastsettes for de første tre år til kr 1,25. Etter den tid har fjellstyret anledning til å forhøie leien med kr. 0,50 pr.dyr, forutsatt at helvektsprisen – som idag er kr. 2,50 pr.kg – da er gjeldende. Skulde prisen etter den tid falle eller stige, blir havneleien å senke eller heve med kr. 0.50 pr. dyr for hver 25% op eller ned».

 

Beitekontrakten var sett opp i samsvar med Fjellova og gjort gjeldande i 10 år. Tamreinlaget forplikta seg til å ha gjetarar som passa flokken, og i følgje avtalen skulle dei ha rett til å bruke fjellstyrehyttene, «dog ikkje til fortrengsel for bufegjeterne».

Innkjøp av rein

Nå låg alt til rette for drift, og den første oppgåva det nye styret tok fatt på var å skaffe driftsgrunnlag, ein reinsflokk.

Per Gaupar i Lom dreiv krøtterhandel. Han var tamreinkar og hadde gode kontakter. Per hadde kjennskap til ein reineigar på Fosen som skulle avvikle, samla hadde han ein flokk på 650 dyr. Styret i Vågå Tamreinlag skreiv kontrakt med Per Gaupar 22. desember 1942. Etter avtalen skulle han kjøpe flokken og levere han i Sjodalen i mars/april 1943.

Den 17. mars i 1943 vart dei tre fyrste gjetarane tilsett. Desse var Erling Smedsmo, Mathias Bakerstuen (Smedsmo) og Thorbjørn Juvstad.

Det var lomsgjetaren Paulus Holtan som kom med den fyrste flokken frå Fosen. Reinen vart transportert med tog til Hjerkinn og ferda gjekk fjellleies derifrå. Allereie i starten av drivinga mista dei omlag 200 dyr. Nokre av desse fann dei att i Skjåk og 11 dyr vart frakta til Vågå med lastebil året etter.

Den 17. april passerte reinsflokken Vågåmo og dagen etter vart han teke inn i ei provisorisk trå hjå Kristoffer Bakkom i Randsverk. Her fekk dei 328 dyra som nådde fram frå Fosen Vågåmark i øyret. Det første market som vart brukt, er ikkje identisk med det ein brukar i dag. Det var ein langdrug prosess å få godkjent eit mark som andre lag ikkje hadde innvendingar i mot.

Nå var drifta i gang, men dei fyrste åra førde med seg mange hinder og problem. Godt var det at desse entusiastane ikkje visste om det da dei dreiv reinsflokken innover Sjodalen, såre tilfreds med å vera komne så langt.

Dei fyrste driftsåra

Dei fyrste driftsåra for Vågå Tamreinlag var til tider så vanskeleg at heile verksemda stod i fare for å gå over ende. Alt fyrste sommaren blanda flokken seg med rein frå andre lag, og etter dei skriftlege kjeldene å døme vart det gjort stor skade av ulv og særleg jerv.

Styret i Reinslaget engasjerte seg i eit områdesamarbeid for å bli kvitt jerven, og i mange år vart det løyvd midlar til skotpremie.

Vinteren 1944 var laget godt som utan rein. Rovdyr hadde gjort innhogg i flokken, og ei avtale med tilgrensande valdreslag hadde gått i vasken. Det meste som var att av flokken hadde vorte drive til Synfjellet saman med reinen til Eidsbugarden Reinsdyrlag.

På eit tidspunkt var situasjonen så vanskeleg at det vart gjort vedtak om å slakte drektige simler for å dekkje gjetarløn, hamneleige og løpande utgifter. Det vart laga ei provisorisk trå på Darthuskvea ved Lemonsjøen og reinen var dreven inn da Hans Tolstad kom. Han stilte midlar til disposisjon for reinlaget for å løyse den kritiske situasjonen. Flokken vart sluppe fri.

Reinskarane fekk sanne ordtaket «av skade blir du klok, men ikkje rik», men lærdommen kom til nytte. Etter kvart fekk dei betre tak på reinen, dei kom i dialog med laga i Valdres og drifta gjekk seg til.

Vågå Tamreinlag vart gjort om frå aksjeselskap til andelslag i 1946, og frå 1946-1949 dreiv laget saman med Eidsbugarden reinsdyrlag og Helge A. Kvame, altså to valdresflokkar. Etter det 6. driftsåret vart det betalt utbytte for fyrste gong.

Mot slutten av 40-åra opphøyrde drifta i dei valdreslaga Vågå hadde samarbeidd med, og Tamreinlaget overtok etter kvart store hamnestrekningar i Valdresfjella. Det vart fort klart at Vågåfjellet ikkje var nok, spesielt var det bruk for godt sommarbeite. Det fann dei vestover langs Bygdin. Desse hamnestrekningane er like viktige for tamreindrifta i Vågå i dag.

Tamreinlaget bygde opp permanente og provisoriske tråer der dei fann det mest hensiktsmessig for drifta. For eksempel vart det bygd ei trå i Gråhøa som vart brukt i fleire år framover. Denne tråa låg travaleg til, og om vinteren dreiv ho fort ned. På vinterslaktingane vart dyra avliva ved tråa og kjørde til Randsverk med hest. Her vart slaktet flådd, partert i femten delar og pakka i kasser som tok 200 kilo. Det vart mykje tung handtering.

Alt i 1946 var det slakta rein på Valdresflya, da gjekk Vågåflokken saman med Valdresrein. Vegen vart opna fyrst i 1955, så mannskapet frå Vågå gjekk frå Leirungsdalen og oppå høgste Flya og slakta. To-tre karar og ein lastebil reiste rundt om Gudbrandsdalen og opp Valdres for å ta hand om slaktet. Kjøttet vart opphengt til det vart kaldt, partert og lasta opp. Da slaktinga var over, reiste karane til Oslo og leverte kjøttet til grossisten Karl. A. Jenssen.

Dei fyrste driftsåra var det eit stort problem for tamreinlaget at dei var avhengige av tilfeldige oppkjøparar for å bli kvitt kjøttet. Det var ingen garantert minstepris på kjøtt, etterspurnaden avgjorde fortjenesta. Pris var alltid avgjort gjennom forhandlingar, og når det kom mykje slakt ut samtidig, kunne prisen bli svært dårleg. Alle tamreinlaga var sjølvsagt engasjerte i dette, og arbeidet for å få betre pris var ein viktig grunn til at landslaget for tamrein vart stifta i 1957. Målet for dette laget var at mest mogleg kjøtt skulle bli omsett gjennom kjøttsamvirket. For arbeidet mot ein betre kjøttpris var dette formaliserte samarbeidet med slakteriet ei føresetnad. Fint kjøtt levert direkte frå Valdresflya vart betalt etter prissatsane for ku klasse 2-3, dette kunne ikkje styret slå seg til ro med.

I 1976 vart Kontaktutvalet for tamreinlaga i Sør-Norge oppretta. Denne samanslutninga av formennene i laga gjekk snart inn i eit formalisert samarbeid med tamreininteresser på andre kantar av landet og med sentrale styresmakter. Kontaktutvalet var snart part i Jordbruksforhandlingane, som primærnæring er reindrifta definert under den. Med denne tilknytinga blir prisane fastlagde i Reindriftsavtalen etter forhandlingar med Norsk Kjøtt. Utvalet er også høyringsinstans i ein del saker, og engasjerte seg mellom anna aktivt i utforminga av den nye Reindriftslova.

Arbeidskvadagen til gjetarane

Forholda for gjetarane har forandra seg mykje sidan starten. Nye tekniske hjelpemiddel har kome og letta det daglege arbeidet, og den kvardagen gjeterane opplever i dag er ein heilt annan enn den gjeterane gjorde i 40- og 50-åra. Utbygging av vegar, utvida turistsesong i Sjodalen med oppbrøytte vegar vinterstid og ikkje minst snøskuteren har ført arbeidsplassen nærmare bygda. Trekkfulle hytter er erstatta med moderne husvere. Dei fyrste gjeterane levde temmeleg isolert gjennom lange vintermånadar. Det var ofte at dei gjekk på ski frå Gjende til Tessanden for å proviantere, vanlegvis eit par turar i månaden. Oppbrøytt veg og skulebuss til Randsverk var eit langt skritt framover. Da Randsverksaga fekk eigen bil var det råd å få tilfeldig skyss av og til.

Med åra vart det meir verksemd innover Sjodalen vinterstid, og i mange år hadde både Bessheim og Hindseter beltebilar som vart brukte frå Randsverk og bortover. Ettersom det ikkje fanst telefon vart det berre på ein slump om ein fekk skyss eller måtte gå, og det var ikkje alltid det gjekk så glatt med snowmobil heller. I 50-åra hadde Randsverksaga tømmerdrift innover Sjodalen, i dei åra var vegen brøytt til Hindseter. Frå omlag 1960 var det brøytt til Steinholet og frå 1966 til Bessheim. Betre bustandard og kommunikasjon gjorde at tilveret for gjeterane gradvis endra seg til det betre. Dei vart mindre isolerde frå bygda og familien, og tilsynet med flokken vart enklare. Rundt 1970 vart snøskuteren teke i bruk. Dette hjelpemiddelet gjorde vintergjetinga mykje enklare. Etter at skuteren kom vart problema med lange avstandar mindre og mykje meir av arbeidstida kunne nyttast ved reinsflokken, ikkje på veg til eller frå. Kraftlina i Sjodalen kom i 1974 og reinhytta fekk da innlagt straum. I 1986 vart det kjøpt inn tre walkie talkiar. Helikopter vart nytta ved inntak fyrste gong i 1980. Hunden har fylgt gjetarane til kvar tid, og same kva tekniske hjelpemiddel som kjem så er det ingenting som kan erstatte ein god hund.

I alle tider var lassoen det einaste hjelpemiddelet for å fange inn rein. Det krevst trening for å meistre teknikken , og gjeterane var pålagde å trene på lassokasting. Ved inntak var det vanlegvis dei som hadde ansvar for å kaste inn dyra. Å fange inn eitt og eitt dyr i lasso er arbeidskrevjande og anstrengjande for folk og dyr, derfor var det mange som sysla med tankar om å finne andre måtar å gjere arbeidet på. Etter kvart vart systemet med siling av flokken teke i bruk. Flokken blir da samla i ei stor trå , småpullar blir så jaga inn i ein såpass liten gard at dyra kan fangast med hendene. For dyra er denne arbeidsmetoden langt meir skånsom. I staden for å måtte springe rundt i tråa i fleire timar, slepp reinen nå med ei lita økt i silen før han atter er fri. Slaktdyr kan sorterast ut for seg. Denne måten å arbeide på slo raskt i gjennom, og etter det har lassoen vore lite brukt. Siling av flokken gjorde også kalvemerkinga meir lettvindt og effektiv.

Ei lita historie frå da lassoen vart brukt på kalvmerking.
Kalvemerkinga i juli 1948. Da vart flokken stengd inne på ein holme i Skåltjønna, nær Sikkilsdalen. Reinen vart jaga frå Sikkilsdalsmunnen og inn i Gravdalen. Under merkinga som kvelden kom daverande statsminister Einar Gerhardsen og såg på. Saman med blant andre Martin Tranmæl ferierte han i Departementshytta i Sikkilsdalen. Statsministeren følgde ivrig med i arbeidet, og han vart svært fascinert av lassokastinga som han karakteriserte som både sport og idrett. Gerhardsen var også oppglødd over å sjå den fine flokken, og til Jakob Sandbu sa han mellom anna dette før dei skilde lag: «Det er et merkelig land vi lever i sammenlignet med for eksempel Danmark ……… her mellom is og stein går det rein og sanker tusenvis kilo kjøtt».

Flokkstruktur

Da tamreinlaget kom inn i god rytme og fekk stabile forhold, kom vinterflokken til å liggje på omlag 2000 dyr. Det passa bra til dei hamnestrekningane som laget etter kvart rådde over. Alt i 1960 disponerte tamreinlaget meir beiteområde utanfor bygda enn i Vågå. Desse beita ligg i Nord-Fron, Øystre Slidre og Vang. Areala ligg delvis i statsalmenning, men det meste er privat grunn.

Alt i 1966 diskuterte styret i tamreinlaget forskningsarbeid frå reinbeitedistrikta som tilrådde eit auka simletal og mindre bukk over vinteren. Da jordbruksavtalen gjekk over til å gje tilskott på kalv, vart omlegging enda meir interessant. Også tamreindrift har måtta tilpassa seg etter kvart som samfunnet har grepe inn med sine reguleringar. Jelking av bukk var viktig for laget før tråa på Valdresflya var ferdig. Sidan var drifta basert på bukkeslakting i mange år.

Gjennom Reindriftskontoret på Røros fekk tamreinlaget tilgang på fagleg kompetanse som har vore av stor verdi for drifta, og det vart naturleg å bruke reindriftsagronomen som rådgjevar da spørsmålet om omlegging av flokken kom opp på starten av 1980-talet. På årsmøtet i 1982 orienterte Dag Lenvik om det nye driftsopplegget. Det var sett i gang forsking for å klargjera følgjene av endringane, mellom anna granskingar for å få oversikt på kalvingsresultatet til kvigene. Store simlekalvar har lett for å pare seg fyrste hausten. Dette er ikkje ynskjeleg ettersom dei lett misser kalven sin, dei blir fysisk sett langt attende og tek ikkje kalv andre året. Derfor har det vore reist spørsmål om det kan vera rett å slakte største hokalven. Det er godt samsvar mellom vekt på kalven, vekt i vaksen alder og vekt på avkom. Ein slik praksis ville altså ha ført til at dyra med best vekstemne vart sjalta ut.

Alt før ordninga med kalvetilskott kom, hadde reindriftsforskarane kome fram til at kjøttproduksjon i flokken ville auke med overgang til kalveslakting. Ordninga med kalvtilskott sette fart i omlegginga. All stor bukk skulle ut av flokken, 1 ½ års bukk skulle brukast som avlsdyr og skulle slaktast ut i november. Vågå Tamreinlag bestemde seg for å legge om flokken etter den nye strukturen. Bukken vart slakta ut, og den tyngste simlekalven vart sett på til liv. Arbeidet med omlegginga tok nokre år, men i 1985 hadde flokken riktig samansetning med omsyn til kjønnsfordeling og alder.

Tsjernobyl

Dårleg vedlikehald av ein atomreaktor i Sovjetunionen snudde opp ned på alt. Driftsomlegging og avlsarbeid som hadde teke fleire år var det berre å sjå bort i frå. Etter våren 1986 vart ingenting normalt på mange år. Radioaktivt nedfall la seg over urørde fjellvidder og truga denne dyrearten som var fyrst til å ta i bruk landet etter tusenvis av år under is.

Skadene av radiaktivt nedfall var det største slaget tamreinnæringa hadde oplevd på fleire tiår. Radioaktivt regn fall over beiteområda, og reinen var eit av dei dyreslaga som vart hardast råka av det som hende. Tamreinlaget måtte kassere alt kjøttet dei tre åra etter ulykka. Frå 1987 vart det inngått samarbeid med forskarmiljø. Det vart sett igang eit nedforingsopplegg med bolustabletter.

Konsekvensane av Tsjernobyl-ulykka har prega tamreindrifta heilt fram til i dag. Det har vore mykje arbeid med forskning og nedforing. Avlsarbeid har vore vanskeleg på grunn av at bequerel-verdiane i dyra har påverka slakteuttaket. Dei site åra har heldigvis desse verdiane våre såpass låge at det ikkje har påverka slaktingane og slakteuttaket i det heile teke.

Kjelde

Vågå Tamreinlag A/L 50 år